Endelig er den er åpen!

Endelig.

Prent det inn i hovudet at ting tek tid. Det tar tid når ein sletta sin eigen nettbutikk fordi ein er usikker på korleis valutaen skal endrast frå kroner til Euro. Det tek tid å legge inn kvar einaste minste detalje igjen. Å lage til alle bildene på nytt. Finne nytt trykkeri som ikkje har den gyseligaste fargen som eg har sett, og som faktisk greier å levere testen på riktig adresse. Å endre alle nesten 100 filane som eg opp gjennom tida ikkje har tatt skikkelig vare på. For kven hadde tennkt eg skulle skifte trykkeri, liksom.

 

Men no er endelig butikken opna og printa mine er straks klare til å erobre verda (haha. Med ein viss sannheit håpar eg)

Håpar de likar det de ser!

HER er den!

 

WWW.ACUPOFMESTUDIO.COM

 









 

Snart veke 2!

Eg hadde eigentlig tenkt å skrive eit lang foredrag om kor mykje eg sakna Bergen, fjella, dei gode vennane mine og gatene eg har spankulert rundt i 16 år. Men droppa det, sidan Bergen med alt det måtte innebære tross alt forsatt er der og ikkje skal gå sin veg. Vi møtast berre med ein del erfaringa rikare <3

Og ja, eg skal prøve blogge igjen. Men kanskje meir retta om kva eg held på med sånn illustrasjonsmessig.

Tenk! No har eg faktisk vore her i snart to veker. Dublin innfrir verkelig på nesten alle områder! Etter å ha budd i ein koffert og på eit lite shabby rom i snart ti daga flytta vi endelig inn i ei lys og fin leilighet i går (UTEN vegg til vegg tepper!!) midt i det mest sentrale Dublin. So endelig kan eg snart få meg eit lite arbeidsrom der eg kan kunste, jobbe og sette i gong med  ´A cup of me`. Det har ikkje vore lett å jobbe midt blant 6 store kofferta sittande i ei seng på eit lite rom. Heller ikkje dei ti dagane før eg reiste då alt var eit salig kaos!

Er i gong med å finne eit nytt trykkeri som kan overta for mitt kjære Netprint- og er snart i mål håpe eg, etter å ha fått tips her og der. Og er VELDIG glad for at eg allereide har ein butikk/galleri som skal selge printa mine- midt i "Tempel" omfrådet, for dei som kjenner til det! Turista turista og atter turista.

ok. Då var eg i gong.

Hei og hå frå fine, shabby, rare , bråkete, spennande og koselige Dulin <3

Og Ps. Vi har gjesterom.

 











 

 

Hei!

Er innom for å seie hei, og sjekke om der forsatt er nokon der ute?

Nye planar om ny nettside og nettbutikk er på veg, så følg med vidare!

 

Forsatt god sommar og snakkast om ikkje alt for lenge!

Sånn kan det gå.

Det var ein vakker dag i mai. Therese hadde kreppa håret i beste 90-talls stil og samla det i ein halv hestehale. Dei største ringane blenkte i fotografen sin blitz og gjorde oss alle fire nesten halvblinde. Jeanette og Jørn hadde bestemt seg kvelden før og gå i matchande matros-dress, sjølv om aldersforskjellen faktisk er seks år. Pyttsann. Alt for å få eit flott familiebilde av dei lyshåra albino-søskena (som vi ein gong vart kalla på ein bygdedans. Gotta love bygdedans....!)

Eine har mord i blikket- som forsatt heng med i vaksen alder. Den andre glimter til med fanden i blikket og ALT for mykje sukker innabords. Så til slutt. Puddelen i familien. Den eldste av oss. Den med absolutt mest volum i håret. Katrin er ny-parmantert og har nyvaska vindauga (les briller). KVEN i alle dagar godkjente at ho skulle gå slik? Og Kva slags optiker har sagt at dette er briller som passar best for ansiketet hennar? Eg berre spør.

Ok, det vart iallefall tidenes beste bilete av søskena Sudal.

Vi takkar Gud og kvar at tingenes tilstand har forandra seg. Ære være Gud i det høgste og fred på jorden blant menneska som Gud har "glede" i.

Amen.



Når du let att auga

Telefon som ringer. Alvorleg stemmer som mumla. Den mørke bassen av pappa si røyst som seier "Ja, eg skjønna. Det er ikkje akkurat uventa". "Ja, takk". Det var på veg til å ebbe ut. Vi måtte komme.

Plutselig er alle heime i familien samla. Alle ligg i kvar si barndomsseng og er brått tenåringar igjen. Litt for tidleg til å komme heim til jul. Vi ventar. Ventar på at noko skal skje. Helst den eine vegen. Herregud som vi vil at det skal gå bra! Men innerst inne visste alle at det ikkje kom til å skje.Vi heia så uendelig på deg!

Vi hadde pynta rommet med eit lite juletre og kubbelys som lyste om håp i mørket, pepparkakehjarte laga av triste oldebarnhender dagen før det vart slutt og adventskalendar. Berre éin dag igjen til vi kunne starte med å åpne den. Alt vi kunne for å halde deg på vår side- slik at du ikkje forlét oss. Vår elskede bestemor i livet som var eit alt for oss.

Du låg der så lita, så trist i augene og sjuk, stakkar. Vi haldt deg i handa, strauk deg over kinnet, gav deg klemmar og grein litt i smug for at du ikkje skulle sjå at vi var minst like redd som deg. Vi song "Det lyser i stille grender" med klump i halsen og skjelvande røyster. "Korleis var resten av songen, bestemor?" Og då song du med di spede stemme til du ikkje orka meir. Også lo vi litt alle midt opp i det heile av den surrealistiske situasjonen.

Vi snakka med deg éin etter éin. Det var som om du takka for deg og fortalde kor stolt du var over oss ALLE barnebarna og oldebarn. Av dei 96 åra dine- så måtte vi bringe vidare det vi hadde lært av deg, vår gode bestemor. Vi sa kor mykje vi var glad i deg, og at du var vår bauta i livet.

Vi holdt deg i handa då du forsvann ifrå oss. Vi klemde deg, vi trøsta deg og vi prøvde gjere det heile fint for deg. Du let att auga og forsvann for oss. Den mørkaste og tristaste dagen i vårt liv, bestemor.

I dag er det akkurat eit år sidan og nokon timar til sidan du ikkje var her meir. Eit år gammal sår som har grodd litt, heldigvis.

Om ord skulle beskrive alt dette du har vore for oss og kor mykje vi saknar å snakke med deg i telefon, få råd, få kjeft, ha di gode hand på vår hand, diskutere politikk, diskutere kjærleik av det samme kjønn, for korte skjørt, for mykje sminke, kjærleikssorg... ah, der er så mykje. Eg kunne ha holdt på til evig tid.

Vi elskar deg. Du er alltid i våre tankar.

(legg med ein video der reportaren suge, men innhaldet er berre nydelig)

video:video1415470738

Og ein av din yndligsong, bestemor.

 

 

 














When in Paris og boktips

Hausten vart brått slengt i fleisen på oss, og tenk, no er det berre 2 mnd. att til jul! Kjenner eg grugledar med til jul dette året. Det er nokon som manglar. Om ikkje lenge for eit år sidan- så gjekk vår skatt i livet, vår grunnstein og elskede bestemor vekk. Vi hadde ho heller ikkje med oss i fjor jul, men då var alt så nært, som eit ope blødande sår. Lukta av henne satt forsatt i møblane, avtrykket etter hovudet henna viste på puta i senga, og ho hadde bretta fint saman "Allers´et" på den sida ho sist hadde lest. På sida var "Det lyser i stille grender". Fint illustrert med englar.

Eg har ikkje antal på kor mange gonga kvar vi har sete i stolen hennar på stova stirra tomt ut i lufta og holdt på strikketøyet hon var på veg til å avslutte. Baybyvottar til lillegullet som ikkje var fødd endå. Eit tomt blikk, blanke auger og eit sakn som fysisk gjer sårt i heile kroppen. Så denne jula skal vi "ta jula tilbake". Nye minner skal lagast og ein ny babyskatt vart fødd i familien ikkje så alt for lenge etter bestemor vart ein engel. Og stolt er ho oppkalla etter oldemora si. Kornelia etter Kåra.

Eg var i Paris for ikkje så lenge sidan. Byen eg både elska og mislika. Eg elska den fordi den er så fin og storslått. Flotte velkledde mennesker, inspirerande vakker med sine nydelige bygningar, sjarmerande smijerns-balkongar og søte små fortaus-caféar. Seinen med sine fantastiske bruer og grøne vatten. Og språket. Eg elskar språket! Samtidig er det ein utruleg bråkete by, og menneska kan være ekstremt arrogante. Har ikkje tal på kor mange gongar eg banna høgt inn i meg sjølv, og nokon gongar utanpå, etter å ha fått ein alboge smadra nesten heilt inn i nyra. Og fekk eg nokon unskuldning? Nei, dei trekke ikkje ei mine. For er ein frå Paris, så går du gatelangs akkurat som du EIG Paris.

Men guri, eg kom heimatt med eit hovud boblande over av inspirasjon. Eg var jo der i jobben sitt embed, og var derfor så priveligert å stikke innom showroom´a til fantastiske Carven og Kenzo. Og ja, SS16 /spring/summer)  blir fargerik leiken og med MYKJE mønster. Så her er det berre å leite fram fordums hippieplagg! :-)

Og ja, boktipset! Eg har for tredje gong starta å lese "Parissyndromet" av Heidi Furre. Ei nydelig skildring av møtet med Paris- sånn as we speak om paris. Og det beste av alt, den er på klingande og velformulert nynorsk! Har ikkje du lest den vil eg absolutt anbefale den to gonga på rad.

 

Ha ei strålande helg!

Ta ein kikk innom HER for å sjå nyhendene mine på print fronten. I just say "Make a wish!"















Nytt på webshop! Ta ein KIKK!

Hei du. Lenge sidan sist!

Hektiske dagar med massa jobbing, tur til Paris med det eine og det amdre. Kan legge ut nokon bileter og historier frå turen i morgon. MEN det viktigaste no er WEBSHOP!

Eg har nemmelig lagt ut fem nye heilt ferske rykande print, som vil bli sendt ut frå den. 15. oktober av.

Så ta ein kikk innom for å sjå :-)

 

Na ein nydelig kveld!

Følg meg gjerne og på instagram under namnet acupofmestudio eller facebook ved samme namn.

 



Gamle fine damer og graviditet

Eg elska gamle folk. Mennesker som har levd lenge og som i kvar rynke og fure har minner og opplevelser frå ei svunnen tid. I kvar skrukke finnast det hardt arbeid, kjærleik, sorg, uendelig glede, svik, angst- og ikkje minst erfaring av alle opplevingar dei har hatt i åra sine tann.

Det er litt som at generasjonen som er gamle no er ei utdøyande rase. Klart dei er, alle skal vel døy- tenker du vél ironisk. Men eg tenker meir på at neste generasjon, "generasjon perfekjson" som vi vert kalla, veit liksom ikkje så mykje om den type hardt arbeid som å plukke poteter, hauste inn graset og minner frå etterkrigstida- då dei knapt hadde mat på bordet. Kva skal vi fortelle om? Kor hardt det var å redde prinsessa i SuperMario Bross, korleis opplevinga av å smake sushi for fyrste gong kjendes ut eller slitet med å få nok hårspray i luggen for å få den til å stå rett opp og til sides? Dønn gørr kjedelig spør du meg! :-o

Hadde besøk av verdas søtaste lisje gamle dame på butikken her om dagen. Det som er med desse, er at dei eig ikkje blygsel for å kle av seg i prøverommet- UTEN å trekke for gardinene sjølvsagt. Eg må ofte hjelpe dei stive gamle kroppane med å kle på t.d ein gensar som kan være litt kjeitete med å få over hovudet. Og då kjenner eg meg litt som at eg jobbar på ein gamleheim, medan dei søte krølleduskane av permanent-hovud huffar seg og snakkar med seg sjølv om meg om kvarandre.

Den eldre dama eg "kledde på" prøvde ein litt inntilsittande topp. "Bare såå du vet det- eg e issje gravid altså...!"  (på klingande bergensar sjølvsagt) Og eg lo høgt av kommentaren henna. Dama var jo sikkert snart nitti og eg svarte at det hadde vel vore eit under UTAN like. " ja det hadde jammen vært noe!" sa hon og lo med meg. Og eg berre smelta!

Herre, er det rart eg elska dei gamle! So fulle av sjølvironi og humor <3 akk...!

 

Følg meg gjerne på instagram: acupofmestudio

eller kikk innom facebook med samme namn!

 

God og deilig helg!



Hoi hoi!

I staden for å reise med kjæresten til Hawaii i dag, så valgde eg heller å reise til Os utanfor Bergen på marked. vel, det var ikkje akkurat eit vál eg hadde- det med Hawaii. Men eg kan no late som om ikkje anna.

Er blitt temmelig dreven på marknad etter å ha runda 1 år med " A Cup Of Me Studio" . Når andre kvinner har "fødselsbag" klar til å ila avgårde for å føde. Så har eg marknadsbag- med alt sjæsj som er nødvendig for å drive sin eigen lille butikk! :-)

Os var litt våt i dag, men ellers veldig kjærlig og hyggelig som alltid! Mitt neste marknad blir i september, når `Interiør og Boligmessa` skal være i Grieghallen! Då er eg der saman med Ane Blich House. Verdas finaste butikk som eg er så heldig å jobbe ved óg.

Bilder frå i dag, kanin og fuglar som er starta å ta form.

Ha ein nydelig laurdagskveld og følg med både gjerne på instagram: acupofmestudio, facebook ved samme namn eller kikk innom webshop: acupofmestudio.com







Satan i gatan.

Det er ofte eg kjenne meg "høg" etter å ha trent i naturen, eller å trene generelt- og eg kan ikkje få sagt ofte nok kor sjukt viktig det er å trene dersom ein er ei litt sart sjel, om ein er stressa, føle at tida ikkje rekk til i kvardagen osv osv. Lista er så lang så lang. Men blir utan tvil forkorta ved fysisk aktivitet.

I dag tok naturen pokker meg kaka! Eg det er sjeldan eg høyrer så mange "OOOHHH my GOD it´s amazing!" "This is fucking cool!" og "This is the most beautiful i have ever seen!" Asiatera ropte i vilden sky og store ipad og iphones vart slengt i sky for å forevige den vakre lille byen vår som bada i gull frå det orange lyste som solnedgongen gav. Og eg kjende eg vart sjukt stolt av Bergen. Hadde Bergen vore ein hund hadde eg klappa den på hovudet og sagt "fllliiink gutt!". Tenk å oppleve ein slik vakker og lys seinsommar-kveld klokka nesten halv ti på kvelden!

Eg, pluss dei hundre tusen andre tok sjølvsagt bilder. Sjølvsagt ikkje like vakkert som i "real life" Men som ein fin påminnar når haustmørket og regnet brer seg over byen.

Lykke til med ny veke i morgon!







 

 

Fornøgd bestemor i himmelen.

Folk som kjenner meg er sikkert drittlei av snakket mitt om min skatt i livet; bestemor. Den gode beste og finaste mennesket eg har kjend som gjekk vekk frå oss mnd. skiftet november/desember.

Men pytt, du får holde ut eller ikkje. Det er jo derfor det er min blogg og ikkje din ;-)

Uansett. Ei lita historie er at bestemor hadde mast på meg i mange år om at eg må teikne fuglar. Spurva på ei grein i lystig leik. "Du ve selje som berre juling om du måla dei (som hon kalla alt...både teikning og maling)!!" Vi hadde ein liten diskusjon om det, meg og bestemor. Eg var i ei litt anna boble då, sånn kreativt, og synst det var ein ok idé men ikkje av den beste.  Det enda opp med at kvar gong vi møttast på nytt att når eg reiste heim på besøk så maste hon på meg om fuglane. I eit "drev" slengde ho seg opp frå Hjellegjerde skinnstolen, trava over golvet og inn på kjøkenet, før hon romsterte i skuffa si og vendte tilbake til stova med eit bilde ho hadde reve ut ifrå Allers. Og tenkte eg det ikkje. Det var fuglar på ei grein. "HEr, ditta ska du måle!" Litt oppgjedd av maset sa eg berre "Jaaadaaa.... kanskje ein gong".

Forsatt har eg det blanke arket frå ´Allers´liggande i nattbordskuffa mi. Sist biletet vart tatt i bruk var desverre som bakgrunn til bestemor sitt salmehefte i begravelsen henna. Som ein siste "gest" til vår aller kjæraste.

Plutselig tek eg meg sjølv i å teikne fugla for tida. Har eigentlig ikkje tenkt noko over det, før søstra mi nemnde at no må bestemor endelig være fornøgd. Litt som at bestemor gjer litt `practical joke`frå himmelen.

Eg synst eg ser ho; i munter latter der oppe og med hender som "tvinna" tommeltottar!

Gjekk tilbake på instagramen min (acupofmestudio) og fann eit bilete av dette omtalte fuglebildet frå Allers, datert 70 veker sidan- då det evinnelige maset om fuglane starta.

Sleng med yndlingssongen til bestaen óg. Den er så vakker!

 







En kjøttmeis på altanen

Ah, for ein vakker dag. Og veldig surrealistisk å vakne til knallblå himmel tredje dagen på rad i Bergen! Kor blir regnet av? Østlandet? Oslo?

Med eit slikt fint veir er det berre ein ting å gjere. Rigge seg opp på altanen med iskaffi, litt bær og tegnestæsjet- slik at arbeidet ikkje går rett i vasken. Eit tips til jobbinga, som funka utmerka bra for meg er å lytte til podcast. Eg forsvinn heilt i mi eiga verd då :-) Kan sterkt anbefale Hanna & Amandas fredagspodd om du vil lytte til litt svensk, The Serial som er ein enormt spennande krimserie....eller som nemnt før Tusvik og Tønne.

På instagramen min ved sidan av feeden, kan du sjekke ut kjøttmeisa eg jobba på tidlegare i dag. Ta gjerne ein kikk, og følg meg gjerne!

Ha ein strålande onsdagskveld!

 

Små historier som perler på snor

Ved sidan av å illustrete, jobba eg på verdas finaste kle og interiørbutikk. Ein perfekt kombinasjon då eg kan bli enormt lei av mitt eige selskap når eg til dagleg kunsta for meg sjølv. For å behalde "antennene" er det ok å få litt sosial omgong!:-) Det beste med jobben er sjølvsagt å være midt i eit eldorado med fine ting- for ja, eg elska fine ting! Det andre beste med jobben er å snakke med alle dei flotte, fine, rare og kjekkt kundane. Inn i mellom får eg små drops av historier som eg kan leve verkelig lenge på.

Her om dagen kom ei eldre dame som la si elsk på nokon nydelige vintage hanska av den sommarlege sorten.  Dei ville ho så gjerne bruke til å ha på seg når ho skulle spele på tverfløyta, piano og alle dei andre instrumenta hon lett kunne traktere. For "JA" hon var veldig musikalsk, sa hon med stjerner i augene då eg spurte om ho var ´musikar´.

I mange år hadde ho jobba som musikklærer og undervis barn med boblande talent- noko ho sjølv var i sin "pure ungdom". Ho såg nesten litt trist og stolt ut på same tid, då ho fortalde at ein stor komponist og musiker ein gong oppdaga ho under ein workshop i Østerrike. Liten og sjenert satt ho bakerst i rommet og venta berre på at timen skulle bli over, sjølv om ho endå ikkje hadde fått spelt og blitt rettleia av den kjende instruktøren. "Jeg var jo så meget flau og hadde ikke selvtillit" sa ho til meg litt kviskrande og med eit muntert blikk.

Timen vart slutt- og ho hadde enda ikkje fått spelt. Då ropte instruktøren til ho frå på bakerste rad "Du da, skal ikkje du spille noen strofer for meg?" "Neeeeiii, timen er jo slutt....." svarte ho tilbake med klump i halsen. "Det gjør jo ingenting. Spill for meg!" "Nei, jeg er jo ikke så flink som alle di andre" Svarte ho igjen og såg ned på golvet. "Kom å bli med på øvingsrommet, så kan du spille for meg der, og jeg kan instruere deg" Sa han bestemt.

"Og det var det vakreste han hadde hørt på lenge" sa ho til meg med nesten blanke auger. "Det var jo ikke så teknisk riktig, nødvendigvis- men jeg kunne spille fra sjelen, sa han".  Der fekk ho tilbud om å flytte til Østerrike, bo gratis og bli undervist gratis av den største! "Jeg hadde jo ikke no penger i det hele tatt...!"  Men kvardagen innhenta ho, og ting gjorde at ho ikkje kunne reise avgårde frå Norge- fortalde den vesle dama med ei trist stemme.

På nytt opplevde både ho og eg barndommen hennar ein torsdag morgen midt i august. Blank i augene takka ho for den hyggelige stunda. Blank i augene takke eg for det samme óg den fine historia.

Kunda, altså <3



Følg gjerne min instagram på: acupofmestudio
Eller kikk innom min webshop: acupofmestudio.com



Kva personleg eigendel ville du tatt med?....

Dersom du vart plasert i Bergen tidleg ein juni månad- kva ville du tatt med som personleg eigendel? Om eg får velge to personlege eigendelar, så hadde eg tatt med lyslampe (for ikkje å bli depirimert) og snorkel- slik at eg held hovudet over vatnet. Makan til regn skal ein leite faktisk ein mannsalder etter og den som styrer veiret BØR snart gje oss litt sol før kroppane våre renn i strie straumar ned i grøftekantane og forsvinn i eit eller anna avløpsrør.

Har du sett Jeanette? nei, eller ikkje på ei stund. Såg hon flyte forbi meg nede ved Bryggen her om dagen......Jada.

Ellers teiknar eg ein heil del. E ferdig med øl-etiketten som eg har laga for eit microbryggeri. Trur ikkje eg kan vise den her inne enda. Men dei to portretta av fine ungar kan du få sjå resultatet av her!

Besøk med gjerne på http://artrebels.com/shop/stores/acupofmestudio og! Er så heldig å få være med i designkollektivet Artrebell. Ei dansk nydelig side som har samla ihop kunstnera frå norden :-) Jei! Sjekk den gjerne ut!






Kom mai du skjønne....

Jada. Mai du skuffar oss i år. Vanlegvis er Bergen i full blomstring både av folk og plantar  denne nydelige månaden- men no berre regnar du og er sur og kald. FUSKEPELS midt i mai?! Tenke seg til.

Men som ein ekte god vestlending er det berre å kle på seg til ein er tett inn til sjela og gå ut i det plaskande elementet.

Gikk på Stolzen her om dagen, pustande og pesande og med ansiktsfarge som matcha mi rosa vindjakke. Midt i løypa møtte eg plutselig på 10-15   3-4 år gamle kids ute på tur med sine onkler og tanter i barnehagen. Dei krabba og karva seg opp steintrappene! Eg var så sjukt imponert av eg nesten stoppa opp å klappa alle på skuldra " Bra jobba!" Og herlighet, all ære til barnehagen som faktisk tok dei med opp den kanskje tyngste "trappa" i mils omkrets! Gode verdiar er gull verdt!

High five for dei!

No for tida driv eg på med litt alt. Promotering av mine nye steinprint som du kan finne HER og diverse oppdrag som blant anna portrett og øl-etikett. Etiketten kan du få sjå seinare, men du kan få ein liten søt smakebit på portrettet her! :-)

Følg meg gjerne ellers i kvardagen på instagram: acupofmestudio




I dag har eg ingenting å skrive om

-ingenting å skrive om fordi eg ikkje er 15 år og gravid

- ingenting å skrive om fordi eg IKKJE er gravid

- Ingenting å skrive om fordi eg ikkje har gulp og bæsj over heile meg

- ingenting å skrive om fordi eg ikkje har bekkenløysning

- ingenting å skrive om fordi eg ikkje spyr dagen lang og har cravings på makrell i tomat

Ja, eg er drittlei av alle oppdatering, blogginnlegg og spamming av graviditet og alt det deilige som måtte høyre med. MÅ ein virkelig ha barn, eller være gravid for å ligge på blogg-topplista? Gjesp.

 

I dag har eg ete is, jobba og sett ut på haglet som gikk frå å være sol til plaskande hagel/regn.

Like spennande høh?....

Collage av print, bunadstryking og snart mai!

Har begyndt å psyke meg opp allereide, mai er like om hjørnet og den mnd.  bringe med seg litt skrekk og angst. Meir enn vanleg. Eg tenker på bunadskjortestryking og pavlovakake som både skal være sprø og seig på same tid. Det bruka ofte å ende opp med skrukke-arma/skrukke-nakke på skjorta og tilsynelatande perfekt Pavlova, heilt til klatten med krem smelta den på to min. men AKK, det er utan tvil min favoritt mnd. ELSKA å feire 17. mai med mine nære og kjære, champagne til frukost og deilig mat utover dagen til langt på natta.

Den nye kolleksjonen min har starta å leve sitt eige liv, og eg er super glad for det!

Ta gjerne ein kikk innom nettbutikken min: http://acupofmestudio.getshopflow.com/

 

Her er den siste kollasjen eg laga av printa mine!




We are trying to save the world.....!........

og ja, eg skulle gjerne gjort alt for å redde heile verda eg....men kanskje ikkje akkurat tidleg på morgonen når foten har stått ut på feil side av senga, eller når eg i ein koma-liknande tilstand travar over Torgallmenningen for å komme vekk frå alt dette by-maset.

DÅ står dei der; gjerne i gjengar på fire-fem klar til å angripe deg med spørsmål, lister som skal skrivast under på, pengar som skal betalast inn eller signering av medlemskap. Som eg nemnde i starten- eg skulle gjerne sagt ja til alt og vrengd kvar ei lomme for at det skulle bli fred på jord, alle magar skulle bli mette, for at regnskogen ikkje lenger skal bli hogga ned eller at folk generelt må skjerpe seg og ikkje bruke for mykje hårspray.  Eg vil være akkurat eit slikt godt menneske. Eg heiar på ozonlaget eg og, liksom.

Men over Torgallmenningen kjem monsteret fram i meg og eg peilar meg inn på alle moglege åpningar og brukar skjetne triks for å unngå å bli konfrontert med det dårlige mennesket eg er. Eg ser nesten ut som Aksel Lund Svindal der eg i perfekte svingar køyrer slalom mellom Greenpeace, Redd Barna, Kattens Vern, Amnesty og narkomanar som sel blad. Når dei inn i mellom fangar meg opp (ja, eg blir spurt ca. minst to-tre gongar om dagen) seier eg at eg har dårleg tid og må rekke....jobb, trening, avtalar og det eg kan komme på av dårlege unskuldningar- "Neste gong!" Ropar eg medan eg snur hovudet mitt mot dei i forbifarta. Og no brukar nokon av dei til og med det mot meg. At eg LOVDE stoppe opp neste gong..... " Don´t you remember what you promised me last week?"...... Eh, jo. Og eg skjemmast over at eg ikkje stoppa opp kvar dag til alle og ein kvar.

Kommentaren som traff meg i hjartet og som gjorde meg skikkelig forbanna på samme tid var når ein av dei kule Greenpeace "dudane" tappert prøvde å stoppe meg opp for å fortelle om tilstanden til Moder Jord. Eg kom med mi vanlege unskuldning som eg gjentek fleire gonga om dagen og var midt i å svinge mellom to mennesklege "slalom-portar".... DÅ slengde han ut "COME ON GIRL.....WE are trying to save the world....!" Medan  han lagde ein slags gangster-bevegelse med armane. Det dårlege mennesket i meg krympa seg, og det gode mennesket sa høgt i hovudet "Eg vil for FAEN redde verda eg og!" ......

Eg står kanskje ikkje på gata og er like engasjert som han, men eg prøvar spare på straumen, sortere det eg greier av boss (sjølv om eg til tider får kjeft for at eg ikkje gjer det) er ekstremt for gjenbruk, kastar ALDRI søppel ute i naturen og eg betalar jamnleg til Kirkens Naudhjelp og andre gode foremål eg synast fortjenar det.

Så beklaga å måtte seie det, Greenpeace-dud. Eg må ærlig innrømme at eg minst er eit like godt menneske som deg, sjølv om blikket ditt får meg til å bli ti cm. kortare  og eg ikkje er tulla inn i palestinaskjerf og heimestrikke hue som du er.

Eg reddar verda på min eigen måte i fuskepels og raud leppestift eg (evt. treningskle).


INSTAGRAM: acupofmestudio

WEBSHOP: http://acupofmestudio.getshopflow.com/

 

Inspirasjon til barnerom!

In making of forskjellige kollage til eit prosjekt. Her er reven min i fin mix med andre kule saker.

 

Ejoy!

INSTAGRAM: acupofmestudio

WEBSHOP:  http://acupofmestudio.getshopflow.com/



1. Design letters, Arne Jacobsen 2. Vimpel, Ferm Living 3. Lampe, Muuto 4. Elefant Norsu 5. Pute, Ferm Living 6. Print, A Cup Of Me Studio 7. Matte, Ferm living

8. Teppe, Ferm Living

Podcast vert å høyre på!

Har fått ein skikkelig hang ups på diverse podcast dei siste vekene. Spring på fjellet/trena ca. kvar dag og synst det er hysterisk underholdande å høyre på morro og smart snakking enn "bom-bom-bom" musikk. Har du høyrt på podcasten til "Nio till fem" (Sandra Bejier) http://rodeo.net/niotillfem/category/podcast/ 

eller Hjartesmil sin podcast, http://hjartesmil.com/category/podcast/ ?

Den absolutt største favoritten som får meg til å hikste av latter over Torgallmenningen og opp Fløyensvingane er Tusvik og Tønne  http://tusvikogtonne.no/ ! Hysterisk morsomt og smart på samme tid. Har meir enn éin gong kjend på følelsen av at folk trur eg er totalt koko når eg ler høgt for meg sjølv og slår meg på låret når eg pustande og pesande gjer intervallane mine!

I går var eg og min snuskedusk Asta på live showet til Tusvik og Tønne under `Humorfestivalen´i Bergen. Oh my, om ein god latter forlenga livet- så leve vi vertfall til 100! Har du ikkje haurt på podcasten så råda eg deg verkelig til å sjekke det ut!

 

Ha ein deilig søndag!

 

INSTAGRAM: acupofmestudio

WEBSHOP: http://acupofmestudio.getshopflow.com/

 


Liten turné!

A cup of me Studio har vore på ein liten Nordfjord- turné dei siste dagane! Fekk spørsmål om å stille ut printa mine på den fantastisk flotte  nyopna restaurant/Kolonialen ´Kraftstasjonen´i Måløy- og sjølvsagt sa eg JA! Det er blitt så lyst og fint der, og dyreprinta mine passa perfekt inn i dei litt rustikke omgjevelsane! Fint å sjå dei i kolmbinasjon med deilige bakevarer, olje, heimelaga sylte, parmaskinke og haugevis av deilige ostar. My cup of tea!

Fekk óg tid til mellom litt familie å stikke innom ´Minibakeriet´på Nordfjordeid som óg har tatt inn printa av dyra- Dei har det SOO fint og! Skikkelig retro og rustikk, med hyller som bugna av sjokolade, ostar, skinke, te, kaffi og ikkje minst mange typar bakevarer som fristar deg langt inn i sjela!

All ære til dei flotte ildsjelene som startar opp desse fantastiske butikkane! Det er så kult å ha tilgong til skikkelig kvalitetsmat i litt urban stil på ein liten plass som Nordfjord! Eg bøyer meg i hatten!






















Bursdag og noko attåt!

Det høyre jo med å ha bursdag sjølv om dreg på åra etterkvart- og korfor ikkje heller feire med brask og bra i staden for å grue seg over at alderen kjem snikande, på same måte som at rynkene sakte men sikkert gjer seg framtredande, rumpa henke nokon cm. lenger nede enn den i utgongspunktet var plassert og håret grånar i tinninga?

Mi kjære venninne er ein utmerka vert og tenker i akkurat samme baner. Kva hadde hon som overraskelse? Jo- ein heilt ekte tryllekunstnar funne på nettet! Kan ikkje akkurat seie at duer, flosshatt og silkesjal er i mi gate, men han her var heilt RÅ med kortstokken og appelsina si og hadde ikkje med nokon av dei forgåande nemnte tinga! Haha. Så om du kjenner igjen han her på bildet (huskar deverre ikkje namnet) så LEIG han!

Vanskelig å overgå dette party-trikset her altså!










Blå mandag!

Driv på med eit prosjekt og har teikna fisk i dag. Føle meg sjukt dårlig på å jobbe med farga, og ikkje berre teikne med blyant- så i dag har eg øvd på litt fisk i litt vatten til eit oppdrag eg driv på med. Kjenner meg ganske fornøgd sjølv om det forløpig berre er ein stk farge!

 




Bam!

Då var eg tilbake i full vigør etter påske!

Påske skal være og er forsatt skikkelig norsk klisjé her i heimen. Det er å ete så mykje snop at du til slutt blir kvalm av deg sjølv. Og uansett om du har komt til kvalmepunktet så forsette du å ete til du ikkje kan bevege deg før det har gått ein time. Det er å ha klister på hendene som du prøvar å tørke av på skidressen men som endar opp i at alt av ymse festar seg både her og der på deg sjølv, skidressen og hanskane. litt som ein magnet. Óg det er sosialisering på hytte med familien til øyrene dette av og du eigentlig har mest lyst å sette deg på eit rom aleine for deg sjølv med hendene over øyrene og rugge fram og tilbake i fortvilelse.

I år mangla vi ei. Den stae gode og kloke bestemora vår. Vi lata forsatt som om hon finnast rundt oss. Vi var der i det gule store huset hennar heile påska. Sov der, åt frukost der, slappa av i godstolen hennar med påskekrimen surrande i bakgrunnen og stelte i stand stor påskemiddag med heile familien. Huset var varmt av både fyr i peisen, kjærleik og dei gode minnene som ho etterlot seg i november. Vi venta berre på at vi skulle høyre dei taktfaste skritta etter middagskvila over golvet oppe på loftet, og at døra opna seg i eit rykk "Nei, e dokke her!?" Så så krokodeilletårer av sakn var ikkje til å unngå midt i all kosen. Men slik er vel det. Glede og sorg går hand i hand- og minnene gjøymer vi som eit vakker skatt i hjarta våre.

Tilbake i Byen er det full fokus på å få printa mine på papir. Ringing, springing, fram og tilbake her og der for å få orden på det til veka som kjem. Og eg gler meg stort til å få dei ut omkring i dei norske heim!

 

Ha ein fin søndag enn så lenge! <3

 

Følg meg gjerne på instagram: acupofmestudio

eller besøk min web shop: http://acupofmestudio.getshopflow.com/


















Interessert i interiør? Sjekk ut min webshop!

Då har eg lagt ut på bilde av nokon av dei nye printa mine på webshopen min! Enormt klar for påske og litt fri etter hektiske dagar!

Kjem nok med litt oppdatering inn i mellom familie, hytte og appelsin!

GOD PÅSKE alle! og ta gjerne ein kikk på dei nye printa mine :-)

http://acupofmestudio.getshopflow.com/

 

eller følg med på instagram: acupofmestudio

 




Vil du ha på veggen din?

I fasen i "wrap it" med dei printa eg skal gje ut no. Tenkte dryppe litt og  litt og ikkje ha heile kolleksjona- som tek alt for lang tid.

Masse som skal huskast på; farge som endra seg frå min data til det kjem ut på papiret på trykkeriet, farge som endra seg alt etter kva farge papiret har, farge som legg seg "inn i" papiret og farge som legg seg "utanpå" papiret. Logo-klistermerker. Klistermerrker av kven eg er. tjukkelse på papir? Struktur i papir? IIIK! Og riv lmeg i håret litt!

Her er litt av det eg har jobba med i det siste:

Følg meg ellers gjerne på INSTAGRAM: acupofmestudio

Eller ta ein kikk innom det eg har på webshope´n min :-)

http://acupofmestudio.getshopflow.com/




 

Sett slikt!

Aiaiai, no er det alt for lenge sidan eg har blogga. Tenkte skrive grunnen til det i mitt neste innlegg. Eit litt meir velformulert og gjennomtenkt innlegg enn akkurat den knallharde starten; blogginnlegg nr. 1 etter laaaaang tørke. Trur neppe eg har nokon lesara der ute lenger. Eller håper jo sjølvsagt de kjem til etterkvart?

Tenkte eg kan starte mitt fyrste blogginnlegg med print nr. 2 som eg snart skal sende til trykking. Dette er altså den andre kolleksjonen min etter "Animal collection" som forsatt lever i beste velgåande rundt om i Norges land. Er so sjuk takknemmelig og overvelda over all respons som eg har fått! TAKK TAKK TAKK!

Kan nemnet at desse skal komme i 30x40, 50x70 og kanskje a4 str. Alle sjølsagt perfekte for vanlige standarrammer som du kan kjøpe hos Ikea, Åhléns eller kor det måtte være :-)

So, this is it. Bloggtørka er offisiellt over og eg gjer dykk eit bilde ev photoshooten eg hadde her om dagen! Ps. Blir så enormt glad for deling! Følg meg og gjerne på instagram: acupofmestudio eller sjekk ut nettbutikken min:

http://acupofmestudio.getshopflow.com/




Den fine nettbutikken!

Hei og hå! Her går det unda og snart er det "the most wonderful time of the year!"

No har endelig korta blitt trykka opp, og er er SOOOO fornøgd med dei! Er så heldig at den fyrste ladninga går heile vegen til Nederland. Butikken som skal forhandle korta mine har fått fantastisk mykje hyggelig oppmerksomheit! Glaglagla! Ellers får ein vakker liten stad i Sandefjord og korta snart i hyllene sine! Hurra og bursdag og julafta på ein gong!

Har gjort litt oppdatering på web-shopen ! Måtte renske opp litt her og der. Mykje å tenke på når ein sakte men sikkert bygge seg opp mot stjernene ;-)

Atter ein gong; TUSEN TAKK til alle som kjøpe tinga mine, og kommentera så fint og hyggelig til meg. Sette pris på alle og ein kvar! :-)

Vil du følge meg?

Instagram:

_a_cup_of_me_

Facebook:

https://www.facebook.com/pages/A-Cup-Of-Me/296909950375805

Eller berre stikk innom nettbutikken for hyggelig handel:

http://acupofmestudio.getshopflow.com/

Kanskje nokon ønsker seg ei ugle, ekorn eller hjort til jul?

Ps. Det går rykter om julekort. Så følg med ;-)







 

Bondens marked!

Eg elskar å gå på marknad. Bruktmarknad, matmarknad eller som i dette tilfelle bondens marknad.

Det er noko magisk, veldig heimeleg, nært og kjært med dei små bodene som mennesker som stolt presenterar kva dei har laga. Heilt med sine eigne hender. Det er på ein måte strippa for alt det overfladiske fiksfakseriet.

For nokon helger sidan drog eg med dyra mine ut på tur. Vi reiste til Bondens dag på Os, og fekk sjølv stå i mein heilt eigen lille butikk for éin dag. Veldig trivelig å snakke med alle forbipassérand, kundane som skraut printa mine opp i skyene og naboane som stod rundt omkring meg.

Her er litt bilder frå dagen. Neste gong håpar eg vi sjåast på Julemarknad i Bergen!

Følg gjerne kvardagen min på instagram: _a_cup_of_me_

eller på facebook: https://www.facebook.com/pages/A-Cup-Of-Me/296909950375805

Eller besøk den lille butikken min på nett: http://acupofmestudio.getshopflow.com/












Historie frå barndomen i ni delar- ekornet

"Stopp trehjularen!"

Bestefar ropte høgt og slo ut i lufta med staven som han skulle kappe av hovudet til nokon. Pappa bråstoppa med udyret av ei maskin. To millimeter ifrå dei kvasse knivane låg ein liten ekornunge. Redd, samankrølla og eit lite fjon som tydeligvis var blitt forlatt i panikk. Dei store nevane til bestefar lagde ein trygg lita favn og plukka varsomt opp den lille dotten av eit levande vesen. Dei store harde hjartene vart mjuke då dei slo hovuda saman for å finne best mogleg plass å legge ifrå seg bylten- i håp om at ´Mamma Ekorn´ ville vende tilbake. Steingarden, litt sånn under ein moseteppe var staden som utifrå nøye vurdering vart reikna som tryggast.

Vi såg på han med litt skepsis i blikket og med ei ørlita bønn i tankane om at han måtte bli gjenforent med familien Ekorn. Då vi gjekk derifrå og forsatte arbeidet, vart bøna brått bytta ut med litt svartare ord som eg ikkje akkurat kan nemne her og no. Pappa fekk på ny litt trøbbel med "trehjularen" og kræsja mest sannsynleg med ein stein.

 "#$&/()=/&%$"#####%!!!!!............"

Du kan seie det svinga fort i dei emosjonelle valørane på bondelandet.

Følg meg gjerne på instagram: _a_cup_of_me_

Facebook: https://www.facebook.com/pages/A-Cup-Of-Me/296909950375805

Eller kjøp eit lite stykke bygd på nettbutikken: http://acupofmestudio.getshopflow.com/

Les mer i arkivet » April 2017 » Februar 2017 » August 2016
hits