Snart veke 2!

Eg hadde eigentlig tenkt å skrive eit lang foredrag om kor mykje eg sakna Bergen, fjella, dei gode vennane mine og gatene eg har spankulert rundt i 16 år. Men droppa det, sidan Bergen med alt det måtte innebære tross alt forsatt er der og ikkje skal gå sin veg. Vi møtast berre med ein del erfaringa rikare <3

Og ja, eg skal prøve blogge igjen. Men kanskje meir retta om kva eg held på med sånn illustrasjonsmessig.

Tenk! No har eg faktisk vore her i snart to veker. Dublin innfrir verkelig på nesten alle områder! Etter å ha budd i ein koffert og på eit lite shabby rom i snart ti daga flytta vi endelig inn i ei lys og fin leilighet i går (UTEN vegg til vegg tepper!!) midt i det mest sentrale Dublin. So endelig kan eg snart få meg eit lite arbeidsrom der eg kan kunste, jobbe og sette i gong med  ´A cup of me`. Det har ikkje vore lett å jobbe midt blant 6 store kofferta sittande i ei seng på eit lite rom. Heller ikkje dei ti dagane før eg reiste då alt var eit salig kaos!

Er i gong med å finne eit nytt trykkeri som kan overta for mitt kjære Netprint- og er snart i mål håpe eg, etter å ha fått tips her og der. Og er VELDIG glad for at eg allereide har ein butikk/galleri som skal selge printa mine- midt i "Tempel" omfrådet, for dei som kjenner til det! Turista turista og atter turista.

ok. Då var eg i gong.

Hei og hå frå fine, shabby, rare , bråkete, spennande og koselige Dulin <3

Og Ps. Vi har gjesterom.

 











 

 

Én kommentar

Mari

24.03.2017 kl.10:08

Å! Tenk at du bur i ein av mine favotittbyar! Du.er.så.heldig! Eg hadde ein stor plan om å ta eit semester der når eg studerte, men det blei ikkje.Tok heller 6 veker bacpacking i Irland og det var ikkje så verst det heller:)

Er så glad for snap og blogg fra deg med fine DUBLIN-bilder! Kontorplassen din med fine prikkar ser skikkelig koselig ut! NYT tilværelsen der!

Skriv en ny kommentar

hits